Helsing frå 3050 Sunnmøre

Det brune livet, på Sunnmøre !

Fakta:

3050 Sunnmøre har no eksistert i omlag 2 år. Med base i Volda kommune.

Primus motor og grunnleggar er Erik Tilseth. Han har våre ein brun patriot i omlag 5år. 

Med tida har nevøen Andreas utvikla den same lidenskapen, og saman skipa dei supportergruppa 3050 Sunnmøre.

Som ekte medlem er dei no omlag 10 stk. Fleire står i kø for å få vere med, men må godkjennast i styret, der eit av kriteria er å kunne stille i brunt på Høddvoll, alternativt Color Line ????

Styremøtet vart avvikla rett før påske, og dei har alle påtatt seg ulike funksjonar og plikter. 

Erik er gjenvalgt som president, medan Andreas er visepresident. 

Sist sesong var dei representerte 3 gongar på Nedre Eiker, Color Line, Aker Stadion og Åråsen. Målsettinga er stor også i år, men geografiske utfordringar kan begrense noko. 3050 Sunnmøre har dog eit intenst mål om at kvalitet går framfor kvantitet. 

Facebooksida vår 3050 Sunnmøre har i dag 498 likarar. Kjekt om fleire går inn og likar den. Mulig der kjem fleire rare stunt som songar, diktlesing m.m. ????

Livet: 

Mange har nok tenkt, og tenkjer at me er ein tullegjeng, som gjer dette berre på tøys. Tru kan dei gjere i kyrkja. 

Fotball er viktigare, og ekte lidenskap kan ikkje skjulast. Her på Sunnmøre har det hittil i år både blitt felt tårer og velta bord, i forbannelse når tverrliggaren e 3 cm for lav, eller Jørgensen dansar ballett på straffemerket. Vi er komne for å bli, uansett størrelse, uansett divisjon, uansett, kven du er, om du går kledd i nøytrale kle. Eit felles mål, for alle mann, er å synge alt du kan ! 

Kampen i fjor haust, på Nedre Eiker, mot ÅFK, var trass resultatet ein opptur. 3050 Sunnmøre var 8 mann, som hadde ei svært kjekk oppleving i Mjøndalen. Dette var fyrste møtet med Mjøndalen, stadion, pubben, folka, og ikkje minst Dala, for dei fleste av oss. 

Dala møtte oss på Thelma med pyro og sang. I skrivande stund får eg gåsehud på heile kroppen av å tenkje på det. Svært ! 

Vi har i pr fastsatt årets tur til 30 juni, når MIF tek i mot Hødd og blåsarane. Me gler oss stort til dette, og vonar 3050 og Dala tek i mot oss igjen ???? Me ligg an til å verte minst 8 stk igjen, kanskje meir. Det er planlagt å vere igjen til laurdagen, så kanskje kan me lage ein happening ilag fredag 1. Juli ?  Det hadde våre stor stas

Ellers er det litt trist at returkampen på Høddvoll er sett til ein onsdag, 24 august. Me har sendt mail direkte til NFF m.fl, men forventar ikkje at det hjelp. Likevel håpar me MANGE kan velge å kome til fagre Sunnmøre, so skal iallfall me gjere vårt for at det blir ei best mogleg oppleving for alle dei brune ! Mulig vi kan hjelpe med overnatting, (eg har plass til ca 25 telt i Hagen min) transport, ein båttur, ei runde krokket, eller berre eit lystig lag ?  Me er glade i øl, skål og sang !!! Så sett av denne datoen, ta fri, ordn barnevakt, bestill fly (flyplass i Volda) KOM !!!!!!!!!!!!!! 

Ein tung start på årets sesong, med fattige 5 poeng i skrivande stund. Tungt, men ikkje håplaust. Det er aldri håplaust. Ikkje for dei brune, oss og dokke. Alle brune. "Om det går opp eller ned, vi vil alltid berre med" 

- Brun for livet ! 

På vegne av heile 3050 Sunnmøre 

Brun klem frå

Erik 

primi sui motori con e-max